Ikkje før da

Ikkje før da

kr. 399,00

In stock

kr. 399,00

nok 209,40 x 1,60=335,00 + porto 159,00 =nok=494,00 nok = DDK 366,00 + bank fee 13,00=379 upprundað til 399,00 DDK

Tøki: Á goymslu Vørunummar: 9788281044548 Vørubólkar: , Rithøvundur:
Sí kurv

Lýsing

Forlagið skrivar:

Det er ikkje mykje poetisk med ein hjernesvulst. Dei bilderike skildringane i Oddfríður Marni Rasmussens roman om forfattaren Janus, som opplever kona Elsas kamp i ei sjukdomsutvikling utan håp, er likevel ikkje berre rå, men innimellom også overraskande lyriske.

Romanen handlar om kjærleik, om fortviling, styrke og avmakt, og kanskje mest av alt om å miste kontroll. Svulsten bryt inn i Elsas medvit som ein mørk neve og reduserer samtalane deira til få ord og rim.

Det er Rasmussens fine dobbeltgrep at skildringa av kjær­leiken og sjukdommen blir vove saman med Janus’ umiddelbare reaksjon og forsøk på å skildre utviklinga og den døyande ved å «skrive på det kvite, leite i det mørke», som forfattaren skriv i starten og slutten av romanen.

Boka er omsett frå færøysk av Lars Moa.
 
Forlag: Orkana 2021, 256 síður, nýnorskt