Ikkje før da
kr. 399,00
nok 209,40 x 1,60=335,00 + porto 159,00 =nok=494,00 nok = DDK 366,00 + bank fee 13,00=379 upprundað til 399,00 DDK
- Lýsing
Lýsing
Forlagið skrivar:
Det er ikkje mykje poetisk med ein hjernesvulst. Dei bilderike skildringane i Oddfríður Marni Rasmussens roman om forfattaren Janus, som opplever kona Elsas kamp i ei sjukdomsutvikling utan håp, er likevel ikkje berre rå, men innimellom også overraskande lyriske.
Romanen handlar om kjærleik, om fortviling, styrke og avmakt, og kanskje mest av alt om å miste kontroll. Svulsten bryt inn i Elsas medvit som ein mørk neve og reduserer samtalane deira til få ord og rim.
Det er Rasmussens fine dobbeltgrep at skildringa av kjærleiken og sjukdommen blir vove saman med Janus’ umiddelbare reaksjon og forsøk på å skildre utviklinga og den døyande ved å «skrive på det kvite, leite i det mørke», som forfattaren skriv i starten og slutten av romanen.